Meir politi er ikkje nok

Av Per Anders Todal, Dag og Tid

[caption id="attachment_6210" align="alignright" width="300"] Kvifor arrestere når saka blir lagt bort?[/caption]

Talet på politifolk i Noreg har gått rett til vêrs dei siste fem åra. Likevel blir det ropa om krise i politiet, og sakene hopar seg opp.

Høgre og Framstegspartiet lova å styrkje politiet monaleg om dei kom i regjering, og den lovnaden har partia halde til gagns – i alle fall på papiret. I år er det 17.025 årsverk i norsk politi, mot 14.770 ved utgangen av 2013, syner dei siste tala frå Politidirektoratet. Og det er ikkje slik at heile stillingsveksten går til administrasjon: Aldri før har Noreg hatt så mange politifolk som no, og regjeringa er på god veg om å nå målet sitt om to politifolk per 1000 innbyggjarar.

Dette er ei stor og dyr satsing for den norske staten. På statsbudsjettet for 2018 gjekk 20 milliardar kroner til politi og påtalemakt – det er ein auke på nesten 50 prosent frå 2013.

Men så er det dette med resultata, da.

Stygge tal

I år har det kome naudskrik i media frå nesten alle politidistrikta i Noreg: Politiet er underbemanna og overarbeidd, og sakene hopar seg opp i systemet. Tal frå Politidirektoratet viser ein bratt auke det siste året i talet på saker som blir liggjande lenge: Ved utgangen av mars i år hadde politiet 40.474 saker som hadde lege i over tre månader utan avgjerd om påtale, ein auke på 20 prosent frå 2017. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for valdtektssaker har auka med 22 dagar frå i fjor til i år. I snitt tek kvar valdtektssak no 194 dagar, langt meir enn fristen på 130 dagar som direktoratet har sett.

Ei undersøking NRK gjorde i juni, tyder på at det blir gjeve strafferabatt i meir enn kvar femte straffesak i Noreg, oftast fordi saka har teke urimeleg lang tid i rettssystemet. Kvart år slepp altså fleire tusen kriminelle med ei mildare straff fordi systemet ikkje fungerer slik det skal, og dette skjer òg i alvorlege overgrepssaker og andre valdssaker.

Mange politimelde brotsverk kjem aldri så langt som til påtale eingong. Denne veka opplyste Domstoladministrasjonen at talet på innkomne straffesaker til domstolane har falle med 16 prosent sidan 2016. I Oslo har politiet lagt vekk 3337 saker med kjend gjerningsperson det siste året på grunn av kapasitetsproblem, melde NRK i juli. Av desse var 337 valdssaker og 437 narkotikasaker. «Saker med kjent gjerningsmann skal i utgangspunktet ikke henlegges, det skal være særdeles gode grunner for det», sa daverande justisminister Per-Willy Amundsen i november i fjor. Oslo-politiet fann altså «særs gode grunnar» til å leggje vekk 3337 slike saker på eitt år.

Færre brotsverk

Alt dette blir endå meir underleg når vi tek med at talet på politimelde saker har gått stadig nedover dei siste seks åra. Sidan 2012 har talet på politimelde lovbrot i Noreg falle med heile 20 prosent. Rett nok syner statistikken ein sterk auke i nokre typar kriminalitet, mellom anna familievaldssaker og valdtektssaker, men det store biletet er at den politimelde kriminaliteten går ned i Noreg.

Når vi no har fått langt fleire politifolk til å handtere langt færre saker, burde systemet bli langt meir effektivt. Slik er det ikkje. Og den store stillingsveksten har heller ikkje ført til ein høgare oppklaringsprosent: Den ligg på kring 55 prosent, slik han har vore i fleire år.

Når saksbehandlingstida i politidistrikta har gått opp det siste året, er ei forklaring nærliggjande: den såkalla «nærpolitireforma» som vart vedteken i 2015 og sett i gang i 2016. Færre og større politidistrikt skulle gje oss eit meir effektivt og kompetent politi, men så langt ser resultatet ut til å vere det motsette. Spaltene i fagbladet Politiforum er fulle av innlegg frå vonbrotne tillitsvalde i politiet, som fortel at omorganiseringa krev så mykje tid og ressursar at saker blir liggjande lenger utan å bli etterforska, og at folk arbeider helsa av seg ute i politidistrikta.

Overbelasta

Sigve Bolstad, leiar i Politiets Fellesforbund, får mange av desse varselropa. Budsjettauken har slett ikkje gått i takt med oppgåveauken i politiet på grunn av reforma, meiner han.

– Omorganisering tek tid. Men kva er det folk eigentleg gjer i denne fasen? Dei sit vel ikkje og tvinnar tommeltottar og ventar på at reforma skal vere ferdig?

– Slett ikkje. Folk jobbar knallhardt. Men det er krevjande å omorganisere samtidig som ein skal halde den daglege verksemda gåande, seier Bolstad.

– Somme har fått nye oppgåver dei må setje seg inn i, og mange sit i prosjektgrupper som arbeider med omorganiseringa. Politidistrikta har fått fleire oppgåver og fleire funksjonar, og kvalitetskrava er generelt heva.

I tillegg gjev omorganiseringa uheldige utslag lokalt, meiner Bolstad: Dei nye felleseiningane i politidistrikta har blitt rusta opp med folk, og det har gått ut over dei mindre geografiske einingane. For å styrkje til dømes Tromsø har det blitt trekt inn politifolk frå til dømes Harstad, der politiet no slit med underbemanning. Og trass i storsatsinga på politiet har politidistrikta svært stram økonomi, ifølgje Bolstad.

– Distrikta held stillingar vakante så lenge som mogleg for å spare pengar, lokallaga våre opplever ei krise i politidistrikta i heile landet med knappe ressursar, helseskadelege arbeidsmengder og auke i sjukemeldingar.

Svekt tryggleik

– Men det har kome kring 1000 nye politistillingar i politidistrikta på fem år. Dette burde vel hjelpe på saksbehandlingstida?

– Vi ser at sakene har blitt meir komplekse og krev meir ressursar. Og sidan 2013 har vi fått over 244.000 nye innbyggjarar, det krev òg meir av politiet, seier Bolstad.

Når saksbehandlingstida går opp, heng det òg saman med mangel på etterforskingskapasitet, meiner han.

– Dette svekkjer tryggleiken og rettstryggleiken. Det er svært alvorleg at politiet ikkje klarer å halde sine eigne tidsfristar i saker som gjeld grov vald og valdtekt.

Færre politifolk enn før ønskjer etterforskingsjobbar, seier Bolstad.

– Operativ teneste er langt betre betalt på grunn av turnusarbeid, helgetillegg og kveldstillegg. Dei som jobbar med etterforsking, er mindre erfarne og har ei nesten uoverkomeleg arbeidsmengd. I tillegg er kriminaliteten meir kompleks enn før, og det medfører meir arbeid per straffesak.

Meir enn politi

Når den sterke auken i talet på politifolk ikkje har gjeve raskare etterforsking og saksgang, kan det òg henge saman med at politiet treng meir enn politifolk.

– Målet om å få to politifolk per tusen innbyggjarar har vore heilt øydeleggjande. Det har kome i vegen for andre fornuftige tiltak, meiner Sverre Bromander, leiar for Politijuristene.

– Den store auken i talet på tilsette er nyutdanna folk frå Politihøgskolen. Forstå meg rett: Desse tilsetjingane er bra i seg sjølv, for vi treng fleire politifolk. Men det hjelper lite på saksbehandlingstida når flaskehalsen er i påtaleleddet.

Talet på politijuristar har nemleg ikkje auka i same takt som talet på politifolk dei siste åra, påpeikar Bromander. Når påtalemakta manglar folk, tek det lengre tid å etterforske ei sak og få ho fram til domstolane.

– I tillegg har påtalemakta fått ansvar for avhøyr som før vart utførte av domstolane. Den oppgåva har ete opp stillingsveksten til politijuristane. Påtalejuristane skal leie etterforskinga, men dei har ofte ikkje tid. Og arbeidspresset har fått svært mange erfarne politijuristar til å slutte dei siste åra. Dette er eit alvorleg faresignal. Folk trur ikkje lenger på at problema er over når politireforma er fullført.

Storsatsinga på nye politifolk har gått ut over rekrutteringa av folk med annan kompetanse, meiner Bromander.

– Politiet treng òg dataingeniørar eller folk med revisorbakgrunn. Ein ny dataingeniør kan gjere vel så mykje for effektiviteten som ein nyutdanna politimann: I mange saker er det no store databeslag, og det er krevjande å gå gjennom alt materialet. Men politimeistrane står ikkje fritt til å tilsetje den kompetansen dei treng. Om ein berre tilset stadig fleire nyutdanna politifolk, er det ei oppskrift på å feile, seier Bromander.

Paradoks

– Det er eit openbert paradoks her. Politiet får fleire stillingar og meir pengar, og kriminaliteten går ned. Likevel høyrer vi stadig skrik om mangel på ressursar, og liggjetida til sakene aukar, seier Curt A. Lier, president i Norges Juristforbund og tidlegare seksjonssjef ved Oslo politidistrikt.

Han kjøper ikkje utan vidare forklaringa om at det er sjølve sakene som har blitt meir kompliserte og ressurskrevjande.

– I så fall må den kompleksiteten plutseleg ha eksplodert dei siste åra. Det verkar merkeleg, seier Lier.

– Strengare krav til retteføringa, altså måten saker skal førebuast for retten på, kan ha noko å seie. Mange saker svulmar opp og tek lengre tid enn før. Men eg trur politireforma er hovudforklaringa. Politikarane har fullstendig undervurdert kor krevjande ei så stor reform er. Når ein slår saman store distrikt med ulike kulturar, skaper det frustrasjon og energitap. Ein må òg spørje seg om alle grepa er like fornuftige.

Lier fryktar at omorganiseringa har svekt politiarbeidet og skapt eller forsterka problem som det kan ta lang tid å løyse.

– Vi ser mange urovekkjande trekk. Påtalejuristar og etterforskarar sluttar i hopetal. Politiet får ikkje unna sakene, mange valdtektssaker blir liggjande lenge før dei blir etterforska. Og gjengkriminaliteten i Oslo har blomstra opp dei siste åra, sjølv om utviklinga har vore varsla lenge, seier Lier.

– Om nokon kritiserer politireforma, er svaret berre at ho må få tid til å verke. Men kor lenge skal vi vente? Denne reforma skulle gje oss stordriftsfordelar. Eg håpar effekten byrjar å vise seg snart.

Står bra til

Dag og Tid bad om eit intervju med politidirektør Odd Reidar Humlegård til denne saka, men verken han eller assisterande politidirektør hadde tid denne veka. Vi får nøye oss med å sitere Humlegård frå eit intervju med NRK 13. juni, der han mellom anna opplyste at evalueringane så langt viser at Politidirektoratet «er i rute», og har «levert på det Stortinget har bestilt i politireformen». Konklusjonen til politidirektøren var slik: «Det står bra til i Politi-Norge.»

Artikkelen er attgjeve med godkjenning frå forfattaren og Dag og Tid