‘KUNNSKAP’: Årbok med HVLs bachelor- og masteroppgåver

Publisert 2017

KUNNSKAP heiter boka som presenterer studentane ved Høgskulen på Vestlandet sine bachelor- og masteroppgåver innan økonomi og administrasjon, som nett er klår frå trykkeriet. Nytt av året er at boka også inneheld oppgåvene frå campusane i Haugesund og Sogndal. Studentane i Bergen er representerte med posterane dei lagde til EXPO-utstillinga, medan studentane frå Sogndal og Haugesund er representerte med samandraga av sine oppgåver.

Tone Merete Brekke, som er studieleiar ved økonomi og administrasjon i Haugesund, set stor pris på at dei blei inviterte med i bokarbeidet frå Bergen. – Det å synliggjere og binde saman denne studentdrevne delen av av HVL sin samla kunnskapsproduksjon gir eit langvarig minne, seier ho til hvl.no. Ho ser for seg at kanskje alle faktultet på HVL kan gje ut kvar si tilsvarande bok årleg i framtida.

Les meir på HVL.no