Forside » Aktuelt » Kapitaltilgangsutvalet ønskjer meir variert privat eigarskap

Kapitaltilgangsutvalet ønskjer meir variert privat eigarskap

NOU 2018:5, Kapital i omstillingens tidRegjeringa sitt utval for utgreiing av kapitaltilgangen for næringslivet har nett kome med innstillinga si Kapital i omstillingens tid. Utvalet konkluderer med at næringslivet har god tilgang på kapital, og at tilgangen og prisen på kapitalen reflekterer risikoen på ein god måte.

Markanden for kapitaltilgang fungerer med andre ord godt i Noreg, etter utvalet si meining. Likevel innehold innstillinga nokre tilrådingar for korleis markanden kan bli endå betre. Mellom anna blir det peika på at det er svært viktig at investorar lett kan finne fram til gründerar det er verd å satse pengar på.

I norsk økonomi har staten og utanlandske investorar stor andel, særleg på børsen. Utvalet meiner at det er viktig å utvikle ein meir variert privat eigarskap. I eit innlegg i Aftenposten skriv leiaren i utvalet, førsteamanuensis ved NHH Aksel Mjøs, dette:

  • At det skal verta enklare å investera pensjonssparinga vår i aksjar og annan langsiktig kapital.
  • Staten bør og gå meir inn i tidlegfasefinansiering, såkalla venturekapital, for å stimulera denne marknaden.
  • Vi foreslår også å gjera såkornfonda som investerer i dei yngste selskapa, meir effektive. Noreg treng å sikra nok kompetent kapital til verksemder som har mange år med kapitalkrevjande utvikling framfor seg, men som kan verta viktige i norsk nærings- og arbeidsliv i framtida.

Sett frå eit kapitaltilgangsperspektiv meiner utvalet dessutan at formuesskatten bør avviklast.

Les innlegget i Aftenposten

Sist oppdatert:

Comments are closed.