Kan Norge få ein ny landmålarprofesjon?

Stortinget har nå til behandling eit framlegg som kan vere kimen til ein ny landmålerprofesjon.

Stortinget skriv at proposisjonen inneheld forslag om å endre organiseringa av eigedomsoppmåling frå å vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane til å bli ei profesjonsregulert teneste med fri prisdanning.

Det blir gjort framlegg om å innføre krav om personleg autorisasjon for landmålarane og krav til landmålarføretak. Vidare blir det fremja forslag om å overføre ansvaret for føringa av eigedomsopplysningar i matrikkelen frå kommunar som ikkje ønskjer å vidareføre denne oppgåva, til staten v/Statens kartverk.

Forslaga til Stortinget skal bidra til auka konkurranse, raskare, betre og meir effektive tenester for brukarane, auke kvaliteten i matrikkelen og leggje grunnlaget for utviklinga av ein konsulentbransje for tenester på eigedomsområdet, ifølge framlegget.

Leiv Bjarte Mjøs ved HVL disputerte i 2016 om same tema: //www.profesjon.no/leiv-bjarte-mjos-matrikulaer-utvikling-i-norge/