Forside » Aktuelt » ‘Innovasjon og entreprenørskap’ ved HVL mest populære masterprogram i teknologi og naturvitskap

‘Innovasjon og entreprenørskap’ ved HVL mest populære masterprogram i teknologi og naturvitskap

Studentane frå innovasjon og entreprenørskap saman med innovasjon og leiingHøgskulen på Vestlandet sitt masterprogram Innovasjon og entreprenørskap er det mest populære masterprogrammet i landet innanfor området teknologi og naturvitskap, men òg innan heile kategorien naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag.

Instituttleiar Tom Skauge forklarar sigeren slik: – Eit tverrfagleg samarbeid mellom økonomi- og ingeniørfaga er ein viktig del av suksesshistoria for dette masterprogrammet. Vi utdannar endringsagentar der vi kombinerer ingeniørfagleg fordjuping med innovasjons- og leiingsfag.

Det er Tekna Magasin som har rangert masterprogramma etter NOKUT sine resultat frå den årlege undersøkinga der studentane kan gje karakter til programma der dei studerer. Innovasjon og entreprenørskap fekk 4.4 på ein skala frå 1 til 5. Masterprogrammet samarbeider med HVL sitt masterprogram for innovasjon og leiing, og med to masterprogram ved Universitetet i Oslo og med Mohnsenteret.

Les meir i Tekna Magasin og Høgskulen på Vestlandet

Sist oppdatert:

Comments are closed.