– Høgskulen på Vestlandet vil svara på regionen sine behov

– Kva kompetanse treng Vestlandet no og i framtida? Vi vil som Høgskulen på Vestlandet lytte til behova i regionen og levere kompetanse som både næringsliv og offentleg sektor har behov for, skriv styreleiar Arvid Hallén og rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet i ein kronikk.

Dialogen med næringsliv og offentleg sektor er så viktig for høgskulen, at den før jul inviterte desse til å møte høgskulen i nærregionane i Sogn, Bergen og Sunnhordland for å få innspel til ein overordna strategi for høgskulen.

Hallén og Rokne peikar på at fusjonsforma for Høgskulen på Vestlandet held fra fire viktige område for skulen: For det første at utfordringane samfunnet står overfor skal setje dagsorden for HVL. Dernest at høgskulen vil bli universitet i 2023 utan å fjerne seg frå den praktiske tilnærminga. Det tredje punktet er sterke vilje til dialog med samfunnet høgskulen skal tene. Og til slutt at høgskulen er regionalt forankra.

Les heile kronikken i avisa Sunnhordland