Forside » Publikasjoner » Artikler, avhandlinger » Gunnar Yttri: Lokal von, global ambisjon. Framveksten av småkraftverk i Noreg etter 2000

Gunnar Yttri: Lokal von, global ambisjon. Framveksten av småkraftverk i Noreg etter 2000

Satsinga på småkraft fekk frå byrjinga av 2000-talet ein framskoten politisk posisjon i Noreg. Medan tida for store utbyggingar vart sett til å vera over, vart det lagt til rette for mange små utbyggingar. Småkraftverka skulle auka tilfanget av norskprodusert elektrisitet og fornyeleg, klimavennleg energi. Samstundes var det ei viktig grunngjeving at småkrafta kunne verta ei ny næring for landbruket og bidra til lokal verdiskaping i distrikta. Med dette utgangspunktet freista styresmaktene å tilpassa lovverk og retningsliner slik at grunneigarar med fallrettar, men utan særskilt erfaring frå kraftutbygging, kunne satsa. I åra som følgde fann fleire hundre utbyggingar av småkraftverk stad, fleire i regi av grunneigarar. Samstundes kom tradisjonelle norske kraftselskap på bana og tok på ulikt vis del i utbygginga av småkraft. Heilt nye selskap, særskilt etablerte for å gå inn i eit nytt og lovande forretningsområde, kom til å prega utviklinga. Småkraftverk med langvarige leigeavtalar til fallrettar vart ei handelsvare der utanlandsk kapital fatta interesse. Etter 2015 var dei største aktørane i norske småkraftverk av utanlandsk opphav.

Les artikkelen på idunn.no/heimen

Sist oppdatert:

Comments are closed.