Et direktorat blir født: SIU blir til DIKU

Måndag blei det nye Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU) opna. Det er resultatet av samanslåinga av dei tre organisasjonane Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU). Hovudsetet blir i Bergen, men SIU sitt kontor i Tromsø skal halde fram som ei DIKU-avdeling i byen.

DIKU fører vidare oppgåvene til dei tre tidlegare institusjonane, og har i tillegg fått asnvar for nye oppgåver: lærebokutvalet, etablering av ein nasjonal arena for kvalitet i høgare utdanning, og prestisjeordninga Sentre for framifrå utdanning (SFU).

Etableringa av DIKU er ein av følgjene av regjeringa si omorganisering etter Gjedrem-utvalet si innstilling. Det blir ikkje etablert eitt nytt stort direktorat, slik utvalet gjorde framlegg om. I staden får vi altså DIKU i Bergen, NOKUT vil halde fram som i dag, med nokre fleire oppgåver, med sete i Oslo; Kompetanse Norge vil også halde fram som i dag, med eit nytt kontor i Tromsø og Sekretariata for foreldreutvala for barnehagane og grunnopplæringa, FUB og FUG blir flytta frå Oslo til Bø. Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i Utdanninga blei slått saman frå nyåret dette året, med sete i Oslo.

Les meir på khrono.no og regjeringa.no