Den nye Høgskulen på Vestlandet

Eit fåtal av studentane ved Norges Handelshøyskole vil arbeida i Bergen når dei er ferdige med utdanninga. Den nye Høgskulen på Vestlandet har ein heilt annan historie å fortelja.

Av Gunnar Yttri, forskar, Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal

Seks prosent av studentane ved NHH trur dei vil arbeida i Bergen når studietida er til ende. 75 prosent trur ikkje dei vil arbeida i byen, medan 19 prosent er usikre. Tala kom fram i samband med NHH-Symposiet (BT 23. mars 2017). For regionalt arbeids- og næringsliv er tala eit tankekors: Ein av landets mest prestisjetunge utdanningsinstitusjonar plassert i landets nest største by forsyner i liten grad Bergen by og Vestlandet med kompetent arbeidskraft.

Godt nytt Høgskulen på Vestlandet opna dørene 1. januar 2017 med Berit Rokne som rektor. Det skulle vera godt nytt at den nye høgskulen, med nær 16 000 studentar, kan fortelja ein heilt annan historie enn det studentane ved NHH gir uttrykk for. Eit stort tal kandidatar frå alle studiestadane til Høgskulen på Vestlandet - Bergen, Haugesund, Førde, Stord og Sogndal - arbeider i ulike typar verksemder på Vestlandet. Kontrasten til framtidsvonene til studentane ved NHH er sterk.

Det mest nærliggjande dømet er økonomisk-administrative utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet. Dette er utdanningar som har mykje felles med NHH og som utdannar for næringslivet. Høgskulen på Vestlandet tilbyr økonomisk-administrative utdanningar i Sogndal, i Haugesund og i Bergen. To år etter fullførte studiar arbeider 3 av 4 kandidatar frå desse studiestadane på Vestlandet. Halvparten eller fleire arbeider i fylket der dei vart utdanna. Tilsvarande tal gjeld for andre næringsretta utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet med ingeniørutdanningane som dei aller største.

Verdifull arv Høgskulen på Vestlandet gir eit omfattande studietilbod. Fleire utdanningar rettar seg mot skuleverk og helse- og sosialsektoren. Talmateriale for uteksaminerte lærarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og barnevernspedagogar syner at det store fleirtalet av desse arbeider på Vestlandet to år etter at utdanninga er fullført.

Dei næringsretta utdanningane og velferdsutdanningane si viktige rolle for regionalt arbeidsliv finn me i analysar frå Senter for profesjonsstudiar (Gythfeldt & Heggen 2012, Røberg 2014). Ulike høgskular si rolle for rekruttering til regionalt arbeids- og næringsliv frå midten av 1990-åra og fram mot 2010 er studert. I det aktuelle tidsrommet var Høyskolen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane, kjenneteikna av å forsyna eige fylke og Vestlandet med arbeidskraft. Det er denne verdifulle arven og samfunnsmandatet den nye Høgskulen på Vestlandet fører vidare.

Oslo og Vestlandet Oppslaget om at så fåe av NHH-studentane ønskjer seg ei karriere i Bergen, høver godt inn i ein delvis konstruert konfliktakse mellom Oslo og Bergen, eller hovudstaden og Vestlandet. I dette biletet går det ein einvegs straum av ressursar austover. For ordens skuld er det viktig å vera merksam på at ulike typar universitet og høgskular har ulike samfunnsoppdrag. NHH tok tidleg etter skipinga i 1936 ei nasjonal rolle innanfor økonomisk-administrativ utdanning. Den vitskaplege høgskulen med ein internasjonal profil har innanfor sitt fagfelt ein særs høg status og trekkjer til seg ungdommar frå heile landet og også mange utanlandske studentar.

Men innanfor høgare utdanning finn me generelt eit tankevekkande mønster som passar fint inn i den nemnde aksen Oslo – Vestlandet: Ungdom frå Vestlandet som tek utdanning i hovudstaden, flytter i liten grad tilbake til Vestlandet. Ungdom frå Oslo-området som tek utdanning i hovudstaden, vert verande der. Oslo-ungdom som tek utdanning utanfor Oslo, har ein sterk tendens til å flytta heim i hui og hast etter siste eksamen.

Høgskulane som i 2017 vart slått saman i Høgskulen på Vestlandet har ulikt opphav, men oppgåva med å forsyna eige fylke og nærområde med arbeidskraft er tradisjonell felleseige. Det er også felles for studiestadane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund at mange av dei kandidatane som ikkje tek seg arbeid på Vestlandet, reiser til hovudstadsområdet. På hi sida er det veldig fåe som tek tilsvarande høgare utdanning i Oslo som flyttar til Vestlandet.

Den viktige rekrutteringa Den geografiske plasseringa av studiestadane er viktig for kva kandidatar fylke og region får tilgang på. Men di færre storbyar eit geografisk område har, di viktigare vert lokaliseringa av høgare utdanning for tilgangen på arbeidskraft. Sentrum-periferi problematikken gjeld slett ikkje berre tilhøvet mellom hovudstaden og andre landsdeler. Den gjeld også innanfor det geografiske området der Høgskulen på Vestlandet er lokalisert. Bergen by har eit langt sterkare folketalsgrunnlag og ei heilt anna tiltrekkingskraft på unge menneske enn mindre byar og bygdesamfunn.

Det vert slik viktig at den nye høgskulen styrkar rekrutteringa av dyktige tilsette og studentar ved alle studiestadane. Utdanningar og fagmiljø må vera av ein slik kvalitet og relevans at ein rekrutterer nasjonalt og internasjonalt. Dette gir avgjerande impulsar til vekst og nyskaping i bygd og by, i høgskule og region.

Universitetsambisjon Ved dei næringsretta utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet er det ein gledeleg tendens til at stadig fleire av kandidatane vert sysselsett på Vestlandet etter fullført utdanning. Dette skjer ved ein høgskule med høge mål for både utdanning og forsking. Ein vil yta bidrag til kunnskapsutvikling, ikkje berre regionalt og nasjonalt, men også internasjonalt. Høgskulen på Vestlandet vert ein internasjonal, regionalt forankra institusjon.

Ambisjonen er å verta universitet, men ikkje av den klassiske typen. Eit nytt, moderne universitet med ein profesjons- og arbeidslivretta profil er under utforming. Samarbeid og tette band til samfunns-, arbeids- og næringsliv gir grunnlag. Høgskulen på Vestlandet si nøkkelrolle i å forsyna heile regionen med kompetent arbeidskraft kan slik vidareførast og styrkast.

Artikkelen er tidlegare trykt i Bergens Tidende